folkogdans.no
Hjem > Artikkel
Unni Løvlid

Rolf Gammlengpris til Unni Løvlid

2007-11-06
Unni Løvlid ble mandag 5. november tildelt ein av dei ti Rolf Gammleng-prisane som Fond for Utøvande Kunstnarar deler ut. Det skjedde på feiring av FFUK 50 år.
Rolf Gammleng var den fyrste leiaren av fondet og prisen har namn etter han. Det ble delt ut i alt ti prisar i fleire sjangrar. Unni fekk som folkemusikkutøvar.

Fondet sine æresprisar går til artistar og scenekunstnarar for fortjenstfull medverknad ved innspilling av grammofonplater eller i sceniske forestillingar. Det ble delt ut ni prisar på kr 40.000 og ein veteranpris på kr 50.000.

Prisane gjekk til Odd Børretzen (veteran), Oslo Strykekvartett (klassisk), Henning Kvitnes (pop), Unni Løvlid (folkemusikk), The Brazz Brothers (jazz), Lene Marlin (open klasse), Knut Hem (studiomusiker), Jon Willy Rydningen (studiomusiker), Marianne Nielsen (skodespelar) og Charlotte Våset (dansar).

Rolf Gammleng-prisen ble delt ut i samband med at FFUK feira 50 år. Jubileet blei markert med ein flott konsert med innslag frå alle sjangrar. Av programmet kan vi nemnet at Hallvard Bjørgum spelte solo. Abdulrahman Surizehi hadde med seg Jai Shankar, Trygve Seim og Javid Afsari Rad i eit flott verk inspirert av Norge. Vidare var det dans og Marit Larsen med nytt band. Høgdepunktet i konserten var Det norske solistkor og deira framføring av Grieg sin "hvad est du dog skjøn". Unni Løvlid har arbeidd med koret tidlegare og ble med på ein folketone som første nummer.

Les arrtikkel om Rolf Gammeleng til festskrfit for feiring av fondsloven som Jan Lothe Eriksen og Åshild Vetrhus skrev i 2006.